Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

 

Reklame

 

 

Intervju - Artikkel

Møte med Agnes Ravatn

 

Spørsmål av Tor Erlend Nordhuus

Publisert første gang: 20.03.2008

 

 

Agnes RavatnAgnes Ravatn er forfattar og journalist i Dag og tid. Ho er fødd i 1983, kjem frå Ølen, men bur no i Bergen. Ho debuterte med romanen ”Veke 53” på Samlaget i haust, som handlar om den middelaldrande lektoren Georg Ulveset. Som ein reaksjon på seg sjølv gjer ho det stikk motsette på kulturnett, og debuterer som poet med tre dikt om sin eigen barndom.

 

Kva for forfattar ville du bli satt på glattcelle saman med?
Her er det freistande å svare krimforfattaren Frank Tandberg, betre kjend som "Hallik-Frank". Han kan nok mange bra glattcelletriks.
 

Når du leser VG, begynner du fremst eller bakfrå?
Eg går rett på Rampelys-seksjonen.

 

Kva for slags ministar ville Åsne Seierstad passa best som?
Ho er ein slags joker som kunne gjort det bra i alle departement, men eg held ein knapp på Fornyings- og administrasjonsministar. Det er der det er lettast å gjere feil og sleppe unna med det.

Kan Latin-Amerika bli et nytt Midtøsten?
Ja, men korleis dei skal gå fram for å bli det er vanskeleg å seie på ståande fot.

Er Hugo Chavez høgare enn Diego Maradona?
Ja, eg tippar Maradona er 1.61 og Chavez 1.72.

Far og son Bush. Blir det herr og fru Clinton i rekkja av amerikanske presidentar?
Det blir McCain, men han kjem jo til å dø av alderdom etter eit halvt år.

Kva er galt med Ålesunds dagdrivarar?
Dei er vel som dagdrivarar flest, bortsett frå at dei er styrtrike.

Lene Alexandra eller Aylar som dominerer kulturbiletet i Noreg om 20 år?
Aylar. Om tjue år er ho framleis fin, og det kan me nok ikkje seie om Lene Alexandra. Dessutan kan jo Aylar skrive.  

Er partiet  Raudt ketchupen eller pølsa i brødet?
Eg må tilstå at eg såg på dei som brødet.

Du harselerer ofte over tenåringsjenter på toget. Var du aldri fnisete sjølv?
Jo, men på ein meir intelligent måte.

 

Drikker du Caffe latte, kaffi med mjølk eller pulverkaffi?
Eg drikk berre svart traktekaffi.

 

Kva er galt med Grand prix og horoskop?
Eg er eigentleg svært positiv til Grand Prix, men eg saknar den tida då det store alvoret rådde, då ein hadde store symfoniorkester og alle måtte synge på sitt eige morsmål. Horoskop er det så vidt eg kan sjå ingenting gale med.

Korleis ville du hoppet etter Wirkola?
Med slips, slik som i gode gamle dagar.

Er det en god ide å lese dikt for spelarane i garderoben?
Det er verken ein god eller dårleg ide, men det kjem vel litt an på dikta. "Aust-Vågøy" mot Tyskland kunne sikkert hatt ein slags effekt.

 

Trur du interesse for politikk, samfunn, litteratur fremmer betre lagand og samspel blant fotballspelarane?
Nei, det er det vel lite som tyder på.

 

Trur du at intellektuelle syslar utanom trening og kamp påverkar prestasjonar? I så fall har trenaren eit ansvar?
Eg kan tenkje meg at intellektuelle syslar vil påverke prestasjonen i negativ retning. Det er vel eit under at Erik Thorstvedt heldt ut så lenge som han gjorde. 

Torstein Helstad i Brann leser mye bøker, det same gjør Vidar Riseth i Lillestrøm. Korrfor er det ingen som spør dei om litteratur og vil ein med det oppretthalde myten om at fotballspelarane er litt enkle i hovudet?
Stort sett kvar gong ein spør fotballspelarar om litteratur svarer dei at dei aldri les bøker, og spør ein dei om musikk så svarer alle Kurt Nilsen. Men det finst jo unntak, som før nemnde Thorstvedt. Og også Hanstveit les mykje. Eg kan tilrå www.bokpallen.no for dei som vil vite kva idrettsutøvarar les, der finst det mykje sjukt.

Arild Stavrum har skrevet ei bok om fotball. Kva trur du om ei slik bok for fotballfolk?
Eg går ut frå at den kjem til å bli lesen av svært mange. Eg har til og med lyst til å lese henne sjølv.

Blir Obama skutt om han blir president?
Ja, det må han rekne med.

Går livet ditt framover eller bakover?
Det går sidelengs, som ein krabbe.

Har sjakk noen forbindingar til litteraturen?
Sjakk er vel eit ynda motiv i litteratur.

Kven vel du som reisepartnar på ein lang togtur frå Bodø til Bergen: Zico, Rummenigge, eller Maradona, og korfor?
Eg går for Zico, den kvite Pelé.

Er venstreradikale ofte ellitistiske, sjølvhøgtidelige og politisk korrekte?
Ja, dei er jo det.

Har du gjort nok for norsk litteratur?
Kanskje ikkje nok, men iallfall meir enn kva mange andre har.

Enkelte kalla Klassekampen for "klasserumpa" etter førstesida som ble trykket med rumpa til Simone de Beavouir. Vil Dag og tid trykke nakne rumper på framsida?
Ja, men då blir det nok stort sett rumpene til Kåre Lunden og Bernt Hagtvet.