Elitisme - Kommentar
Send Schulerud til Ammerud!
Tekst av Mimir Kristjansson, Stol av Arne Jacobsen
Publisert første gang: 22.02.2008
![]() |
Slik ser altså den omtalte Arne Jacobsen stolen ut |
Hausten 2007 gikk statsministarfrue Ingrid Schulerud ut i Dagbladet for å rette krass kritikk mot det ho meiner er blitt eit designhysteri i norske heim. "8 av 10 heim eg besøker", seier Schulerud, "har Alessikanner og Arne Jacobsenstolar". "Da dreier det seg ikkje lenger om design, men om mote", seier Schulerud foraktfullt.
Desse uttalingane fortel oss fleire interessante ting om statsministarparet. For det første har 8 av 10 av dei heima Schulerud og Stoltenberg besøker råd til å ha stolar til 3000 kroner stykket og Alessikanner (som er ein slags designvatnkokar) til 1700 kroner stykket. Oversatt frå designsk til norsk: 8 av 10 av heima statsministarparet besøker tilhører svært velståande menneske med mye kulturell kapital.
Og for det andre, og dette er det mest utrulige, synest Schulerud at dette er skremmande. Ikkje fordi det seier noe om elitane sine venneband, eller fordi det seier noko om kor mange som har råd til svindyre nipsgjenstandar samtidig som vi har 200 000 fattige i Noreg. Men fordi ho synest dette motehysteriet liksom øydelegger for dei som verkelig har peiling på design. Altså synest Ingrid Schulerud, utan tvil ein del av den kulturelle, finansielle og politiske adelen i Noreg, at det er for dumt at småborgarskapet skal få smykke seg med kulturborgarskapets symbol, fordi det forringar verdien av både Alessikanna og Arne Jacobsenstolen som klassemarkørar.
For å seie det enkelt: Ingrid Schulerud, kona til ein statsministar frå Arbeidarpartiet, synest det er trist at så mange heim ho besøker har statussymbol fordi det gjør det vanskeligare for dei med verkelig status (les: medlemmar av adelsslekta Stoltenberg) å skilje seg frå bermen.
No trur ikkje eg det eigentlig blir så vanskelig for Schulerud/Stoltenberg å halde på elitestatusen sin i framtida. Når kona har ei mor som har vore i bystyret i Oslo for Høgre og ein far (Mentz Schulerud) som var kulturkjendis - i tillegg til at ho jobba som avdelingsdirektør i Utanriksdepartementet, og mannen (altså, Jensemann) i tillegg til å vere ministarson og barnebarn av ein tidligare NHO-direktør også er Noregs statsministar - da er det liten tvil om kva for klasse du tilhører.
Men dersom det kan være ei trøst, kan eg når som helst tilby meg å ta med meg Ingrid Schulerud på ein runde dør-til-dør-besøk i Ammerud. Så får vi om ikkje statistikken hennar blir litt betre.
Relevante lenker