Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

Reklame

 

Reklame

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Marianne Sunde

- Store kunstnarar er ofte dårlege menneske

 

 

- Vil vi ha god kunst eller gode menneske bak kunsten? spør Clark Blaise, amerikansk forfattar og professor emeritus på besøk i Norge.

 

- Ein skal ikkje sensurere kunst, seier Blaise, opprinneleg frå Cananda, som har undervist i litteratur ved ei rekkje universitet i USA. I ein peridode var han dessutan direktør for Det internasjonale forfattarstudiet ved Universitetet i Iowa. Han vert svært overraska når han får vite at teatersjefen ved Trøndelag Teater, Otto Homlung, har erklært teateret for Hamsun-fri sone i jubileumsåret som markerer at det er 150 år sidan Nobelprisvinnaren vart fødd.

 

-Eg er ueinig i den fråsegna som teatersjefen har kome med, seier Clark Blaise, som har arbeidd for ytringsfridomens kår og som, i den tida han var direktør for forfattarstudiet i Iowa,

hjelpte forfølgde forfattarar i eksil.

 

Knut Hamsun var ikkje aleine om å sympatisere med nazistane. - Det var mange forfattarar både i, og utanfor, Europa som hadde sympati med den framveksande nazismen før, og under, andre verdenskrig. Nokre av mine største favorittar i verdslitteraturen er problematiske, seier Blaise som også kjenner Hamsuns forfattarskap.

                                              - Hemingway var

                    ”a son of a bitch”,

                     men eg er ein stor

                     beundrar av han,

Clarck Blaise

seier den amerikanske litteraturprofessoren og forfatteren Clark Blaise, som eit apropos til den norske Hamsun-debatten

- D. H. Lawrence, som var gift med tyske Frieda Weekley, var klart antisemitt. Nobelprisvinnar T. S. Eliot var antisemitt. Han meinte at eit kristent samfunn ikkje bør ha for mange jødar. Forfattaren og poeten Ezra Pound vart skulda for landsforræderi  i USA etter antisemittisk verksemd i Italia, men enda på mentalsykehus i staden for å bli stilt for retten.

 

- Men Hamsun var innbyggjar i eit land som vart okkupert av nazistane, han uttrykte sympati med okkupanten og skreiv ein upassande nekrolog om Hitler. Kva synest du om det?

 

- Det var ein generaltabbe. Og dei som les Hamsun vil ha dette med seg i tankane. Men ein kan likevel ikkje øydeleggje, eller hindre at kunsten vert lesen, høyrt eller sett. Det er ikkje opp til oss å døme kva forfattarane stod for i si tid. Vi må heller finne forklaringar, historiske, sosiale eller psykologiske. Vi er nødt til å skilje mellom kunsten og mennesket bak kunsten. Og kunsten kjem alltid først.

 

Blaise har William Butler Yeats, Nobelprisvinnar i litteratur, som sin favorittpoet.

- Han var irsk, og hata engelskmennene. Einkvar fiende av England vart sett på som ein ven. Han hadde sin litterære teori om at historia er delt inn i epokar med vald og øydeleggjing, at dette må til for at verda skal reise seg igjen. På same måten som kristne fundamentalistar ser på at krigane i Midt-Austen i dag er naudsynte for at profetiene skal gå i oppfylling.

 

- Eg ser på Louis-Ferdinand Céline, forfattar av ”Reise til nattens ende” og ”Død på kreditt”, som ein stor forfattar, ein eg sjølv set svært høgt. Men han var aktivt med i antisemittisk arbeid der han publiserte pamflettar. På den andre sida arbeidde han også som lege i fattigstrøk i Paris, der han hjelpte dei aller svakaste. Mennesket er samansett. Det er interessant å prøve å sjå kva som forma desse menneska. Céline rømde frå Frankrike etter krigen og reiste til Danmark. I Frankrike risikerte han dødsstraff, og vart dømt in absentia, han vart i Danmark til han fekk nåde i heimlandet.

 

Clark Blaise minner om at Edith Piaf song for nazistane. - Men i filmen som vart laga om henne for få år sidan sang ho Marseillaisen på ein kafé i Paris der det var tyske offiserar. Eg veit ikkje om det er historisk korrekt, eller om Marseillaisen er lagt inn for å gjere Edith Piaf meir historisk akseptabel. Framfor å pynte på historia, kjem vi lenger med å skaffe oss kunnskap, og prøve å forstå og setje saman dei ulike fragmenta ut frå den tida desse kunstnarane levde i. Boikott i dag av store kunstnarar som levde for eit halvt århundre sidan, eller meir, er forkasteleg, meiner Blaise.

 

- Eg er også ein stor beundrar av Hemingway, men han var ”a son of a bitch”.

Store kunstnarar er ofte dårlege menneske, og gode menneske er ofte middelmådige kunstnarar, seier den amerikanske litteraturkjennaren.

 

-Gjeld dette på andre område enn i kunsten?

- Ja, det gjeld på mange område i samfunnslivet, ikkje minst i politikk. Senator William Fulbright, som stifta Fulbright-stipendet, var ein høgt utdanna mann og internasjonalist, men var tilhengjar av rasekiljepolitikken i USA. Skal vi la oss villeie av kvinnehistoriene til John F. Kennedy og Bill Clinton, eller skal vi sjå på kva dei utretta som presidentar? Jimmy Carter er ein fascinerande person, men var svak som president. Vil vi ha perfeksjonering av kunsten og politikken, eller perfeksjonering av menneska som står bak? Det ser ut til at vi sjelden kan få begge delar, seier Clark Blaise.

 

 

 

 Tekst:Marianne Sunde

 Bilder: Hamsundagene

Publisert: 06.11.09